Home > Work > Kimen
1 " Hjarta mitt? Det er mørkt og stygt i hjarta mitt. Ikkje nemn det. "
― Tarjei Vesaas , Kimen
2 " Ein ser seg sjølv, kjenner det som ein har eit landskap i seg med tørre moar, og skrånande fjellsider med vandrande skuggar over. Dessutan veit ein om stygge og avgøymde stup. Ein går utanom dei, ferdast ikkje på den kanten. Der er ting på botnen av vatnet. La det ligge der. Ingen skal få visst det.La det ligge på havsens botn. –Så kjem det ei minning:Det skal koma ein dag då alt som –Å langt ifrå! svarar ein hastig, og bit det av. Prøver bite det av, for det hjelper ikkje overfor det einvise mælet, det fullfører det som det skal ha sagt:Det kjem ein dag då havet ditt skal gje frå seg alt som det gøymer no. Ditt vesle djupe stygge hav. Der er roti der nede. Slam og mørker. Ta deg i akt.Ein skubbar det frå seg. Arg, som ein blir overfor alt som er påtrengande. Og svarar frank: eg er slett ikkje redd. Ein reknar aldri med skredet, raset som riv all nådig dekning av.Så går raset. Og tek med seg. Ikkje berre det ein visste måtte gå i vasken om det skulle prøvast, men òg alt det som det er sviande skam at blir nækt: Det at folk ser kva som verkeleg har vori der heile tida. "