Home > Work > Celestine
1 " Det eg har fortalt om meg sjølv, det har blitt ei uniform. Eg kan ikkje lenger sjå det, eg har spytta på det. Kven er det som har fortalt det? Det eg inneheld, det samlar seg i ein bås. Mørklagt, eg kjenner ikkje til det. "
― Olga Ravn , Celestine
2 " Det blå og det gule. Raseriet har forlate meg for ein augneblink, kva er det eg er sint for? Eg vaknar og er letta for at draumane ikkje var verkelege. Ein mistar tennene sine.I løyndom drøymer eg om å verta sadist. Det er sikkert synleg for nokon. Eg kunne gjerne gitt meg over til noko totalitært. Eg kunne gjerne sokke inn i eit system som ned i ein blank sjø, der fullvaksne gjedder krølla seg om beina mine som late hundar.Eg har ein rytme i hjarta som ikkje er hjarteslaget, men ei særskild ild, ein slags spiral eller sirkel, som tikkar sakte rundt gjennom årene, det blå, Celestine, vender alltid attende. "
3 " Overgrepet er kvardagens. Eit langt tap av menneske som ein ikkje sørgjer over. Og etterpå skamma over ynsket om aldri å treffa dei tapte igjen. Ein lukkar døra bak seg for å overleva. "
4 " Eg fekk tanken om at alt eg nokon gong hadde vore utsett for, hadde møtt ein motstand i meg. "
5 " Det kan kjennast som om den suverene utøvinga av identiteten min oppstår når eg held fram etter at alt er tapt. Så finst det i overlevingstilstanden ei herleg, leskande saft, og den drikk eg svært glad, som sigerherren or pokalen sin. "